Bli med/Journey

Journey

Samlingar for ungdom som ønsker noko meir etter konfirmanttida.

Journey er for ungdommar i dei to åra etter ein har vore konfirmant, og på mange måtar kan ein kalle dette ei forlenging av konfirmasjonsåret. Me trur det er vanskeleg som ungdom å halde på den kristne trua utan å ha eit sosialt fellesskap. Ønsket vårt er å sjå ungdom vekse i tru saman med andre, og målet for Journey er å gje eit tilbud til dei er blitt ein kristen eller som ønsker å bli sikrare i trua si etter konfirmasjonsåret. Me trur at skikkelig undervisning og eit trygt kristent fellesskap auker sjansen for å styrke trua slik at den varer inn i voksenlivet. Me vil vere med å bygge ein grunnmur for trua som er så sterk at den varer livet ut! Alle konfirmantane er invitert til ei vidare oppfølging etter konfirmasjonsåret der smågrupper blir brukt som eit trygt forum for spørsmål og svar etter undervisninga. Målet med gruppene er ein trygg arena der ungdommane sjølv skal kunne stille spørsmål og reflektera saman med ein voksen leiar. Draumen er å sjå at fleire tek initiativ til å fortsetje med husgrupper, sjølv etter dei er ferdige på Journey.

Arbeidet er for ungdommane i 10. klasse og VG1. Me held til på loftet og samlast annankvar onsdag kl 19:30 - 21:30. Kvar samling startar med lovsong og undervisning, etterfulgt av smågrupper og litt sosialt. I tillegg har me hatt sosialkvelder med t.d. lasertag og paintball, og saman med konfirmantane arrangerer me lovsangskveld.

Me underviser i tema som kan vere utfordrande, spennande, meiningsfull, og gjerne litt kontroversielle, slik at ungdommane kan vekse både som reflekterte menneske og i trua saman med andre. Målet er at me skal kunne reflektera og konkludera saman, og at det skal vere ein åpen arena for spørsmål og sårbarheit. Som undervisning har me gått gjennom tema som trusforsvar, identitet og sjølvbilete, kjærleiksspråk, likestilling i kyrkja, "Kvifor dele liv?", og Guds stemme, etc.

Alle er velkomne, anten du har vore konfirmant hjå oss eller ein anna plass, eller om du ikkje har vore konfirmant i det heile! Me gler oss til å møte DEG!

Powered by Cornerstone