Verdiar i Klepp frikyrkje

Vedtatt på menighetsmøtet 6. mai 2025

 

Frimodig

Vi vil vere ei frimodig kyrkje som forkynner heile Guds ord i kjærleik.

 

Frelse

Vi vil vere ei misjonal kyrkje som breier ut Guds rike lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Guds nåde forvandlar heile mennesket og får konsekvensar for korleis vi lever våre liv.

 

Fornying

Vi vil vere ei tilbedande kyrkje som kontinuerleg lar oss fornye og forandre i Guds nærvær.

Vi ynskjer å søke Guds andlet i bønn og lovsong og gje rom for Den heilage ande imellom oss.

 

Fellesskap

Vi vil vere ei varm kyrkje med trygge, nådige og nære relasjonar.

Ved Guds nåde er vi eit fleirkulturelt fellesskap som ber kvarandre sine byrder og feirar kvarandre sine gleder.

Vi ynskjer å vere ei gåvmild og gjestfri kyrkje prega av respekt og trygge grenser.

 

Fostring

Vi vil vere ei disippelgjerande og utrustande kyrkje som hjelper kvarandre inn i Guds hensikt med våre liv, og til å aktivt spreie håp og nytt liv til menneske vi møter i kvardagen.

Vi vil gje rom for at den enkelte kan utvikle og bruke sine talent og nådegåver.

 

Felles eigarskap

Vi vil vere ei oppreist kyrkje der vi tar felles ansvar og ser på oss sjølve som ein del av løysinga.

Denne kyrkja er prega av at alle bidrar økonomisk og praktisk.

Vi vil vere ei ansvarleg kyrkje der dei menneskelege og materielle ressursane blir forvalta med klokskap og truskap.

Powered by Cornerstone