Bønn

I Klepp frikyrkje set me bønnearbeidet høgt. Som Jesus sjølv sa:

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. (Matt 7,7)

Bønnemøte

Me har bønnemøte kvar veke. På dei ulike bønnemøta har me ofte faste poster der me deler kort Guds ord, er stille for å høyre etter kva Gud minner oss på og deler deretter det me fekk, og har forbønn konkret for ulike emne. Bønnemøta er fordelt utover veka og kvart bønnemøte har ulikt tema:

Måndag kl. 19:30 - 21:00: Bønnemøte for alle
Onsdag kl. 20:00 - 22:00: Mannsbøn
Fredag kl. 08:30 - 09:30: Mødre i bønn

Sundag kl. 10:30 - 10:50: Bønn før gudstenesta (er kvar sundag me har gudsteneste)

Søke Guds ansikt saman

Eit litt annleis bønnemøte med lovsong der me tilber Gud, lytter til Hans stemme i stillheit, og går saman om det me ber om, på det Gud legg i hjartene våre i heller enn det me sjølv har på hjartet. Møtet har me eit par gonger i semesteret, anten sundags- eller måndagskvelder kl. 19:30 - 21:30.

Forbøn/velsigning

Etter kvar gudsteneste er det mogleg for velsigning og/eller forbønn. Dette skjer bak i kyrkjesalen.

Powered by Cornerstone